Fredag 3. desember er det duka for Muleverkstad – Juleverkstad i Mulen, om du vil. Sjølvaste adressa er hjå Ingunn i Breistølen 7., 2. etasje. Frå kl 19.00 og utover natta tenkjer eg vi seier!
Her vert det julepeparkaker, julemandarinar (eller clementinar som det visst heiter no til dags), julegløgg, julemusikk samt formodentleg mykje julelege limstiftar, sakser, glanspapir, peparkakehus, arbeidslyst og god stemning! Ta gjerne med litt å klippe/lime/brette/skrive med du òg. Eg gleeer meg!
Så… ”Gled dykk i Herren alltid, atter vil eg seia: Gled dykk!” Fil. 4.4
- Ingunn -