Då kan du til dømes gjere det slik:
1) Les litt om Navigatørane og kven vi er her inne på bloggen vår. Kjennskap – check!
2) Kom på møta våre eller bibelgruppene våre. Eller meir enn gjerne: begge deler! Det har seg nemleg slik at vi har bibelgruppesamling heime hjå kvarandre annankvar torsdag, og den andre torsdagen har vi fellessamling/møte i kjellaren i Kalfarveien 10. Vi som er med er ganske trivelege, om eg skal få seie det sjølv, så det skal vere gode moglegheiter for venskap. Check!
3) Etter at dei to punkta ovanfor er gjennomførte likar du deg altså så godt at du ynskjer å halde fram, seier du? Då kan du få æra, berre dersom du ynskjer det altså, å betale ein medlemskontingent til foreininga. Det gjer du ved å overføre kr 400 til kontonummer 05302426955. Då har du betalt medlemsskap for eit heilt skuleår. Check!
Du har gjennomført punkta på lista? Då har du herved stifta kjennskap til, venskap med og medlemskap i Sentrumsnavigatørane! Gratulerer!
Eg er forresten økonomiansvarleg i Navigatørane sentrum for tida. Om du har spørsmål i høve dette med deg og Navigatørane og økonomi og den slags, kan du ta kontakt på mail: inelkost@hotmail.com, eller på mobil: 90911478. Ingunn heiter eg. Hei på du!